HJEM     AKTIVER LESARWEB    SKRIFTSTØRRELSE       A  A  A    

Sunnmøre Museum Norsk Møbelfaglig Senter Landbruksmuseet for M og R Silvert Aarflot - museet
Aalesunds Museum Sykkylven Naturhistoriske Museum Herøy Kystmuseum Volda Bygdetun
Godøy Kystmuseum Ytste Skotet Brudavolltunet Dalsfjord Fyrmuseum

MENY

BESØK OSS

Dei som måtte forlate fyret

Oppretta: 14.04.2012
Heidi Eikremsvik er opphavleg frå Sula og arbeidar som forfattar og journalist.

Torsdag 26. april kl. 18.15 held Heidi Eikremsvik foredraget "Dei som måtte forlate fyret".

Det er første gongen Dalsfjord Fyrmuseum arrangerar foredrag i det nye Amfiet.  

Foredraget er basert på boka hennar Fyrfolk. 

Boka Fyrfolk laga ho saman med fotograf Thomas Bickhardt. Dei reiste langs kysten og intervjua folk som hadde arbeidd på fyra. To av desse var Asbjørn og Kjellaug Nupen frå Folkestad, som vil vere til stades i Dalsfjord. 

Etter foredraget vil Heidi vere tilgjengeleg for boksal og signering av bøker.


Vel møtt.

| Mer

Årsmøter i Foreininga og Stiftinga Dalsfjord Fyrmuseum

11. april 2012 kl. 19.00 er det duka for årsmøte både i Foreininga og Stiftinga Dalsfjord Fyrmuseum.

Årsmøta vert haldne i dei nye museumslokale ved Dalsfjord skule.

I Amfiet syner vi fram bilete frå bygginga av "Peisbåen lykt", eit arbeid utført av Kystverket sin båt "Ona".

Alle er hjarteleg velkomne

 

| Mer

Fagrådsmøte Lindesnes

Oppretta: 20.03.2012

14-16 mars gjennomført Kystverkmusea arbeid- og fagrådsmøte på Lindesnes fyr. Denne gongen var også styreleiarane med. Vi drøfta dei komande prosjekta innan Kystreise.no, dei ulike musea, Strategisk handlingsplan, samt feire utgivinga av siste utgåve i Kystens veivisere III.

Årets bok handlar om Peter Norden Sølling, den dekka losbåtens far. Boka vil kome til sals hjå Dalsfjord Fyrmuseum. 

| Mer

Flytting av gjenstandar

Oppretta: 15.02.2012

Dalsfjord Fyrmuseum har flytta inn i nye lokaler. 

I desember og januar har ein fått installert lyd og bilete i Amfiet, samt flytta ein del av gjenstandane inn til museet. 

Det har vore ein del store og spanande løft.

Museet har fått låne den gamle fyrlinsa frå Svinøy fyr av Kystverket. Eivind Lillebø dirigerte flyttinga og sørga for at linsa kom trygt i hus.

Sjekk biletserie under fana Bilete og video

| Mer

Fyrmuseet ønskjer alle eit godt nyttår

2012 vert eit spanande år for fyrmuseet. Vi skal arbeide med å flytte gjenstandane over til nyebygget og lage ei ny fast utstilling.

Desember i Dalsfjord

Desember har vore ein travel måned på museet. Store gjenstandar har blitt henta til museet, ein har arbeid med å få lyd og bilete til amfiet og jammen har det vore tid til tankar kring 2014 prosjekt.

Tysdag 20. fekk me vitjing av Jan Robert Jore frå Lindesnes fyr. Jore har regissert filmen "På tokt med Gamle Oksøy" som vart synt fram på Brunebuda tidlegare i sommar. I Dalsfjord fekk Jore fortellingar om fyrbyggarane og sjå museumsområdet.

Onsdag 21. kom Gunnar Andås og Bassbrothers innom for å montere lyd og bilete i amfiet. No skal vi få synt fram biletspelet og film i det format produksjonane fortener. Dette kan og bli ein stad for gode foredrag.

Over nyttår fortsett vi planlegginga av den nye utstillinga.

Vedlikehald av Grisen

Oppretta: 04.11.2011

I samband med Operasjon Dagsverk leverte elevar frå Dalsfjord skule eit godt dagsverk med skraping og pussing av "Grisen". Grisen er eit kallenamn som vart nytta om hjelpebåtar i fyrvesenet. Grisen i Dalsfjord vart blant anna nytta ved fyrarbeid i Finnmark etter andre verdskrig.

Aurora Lillebø, Amanda Lyngnes, Fredrik Reite, Tommy Riksheim og Svein Tore Kragset gjorde ein kjempeinnsats. Arbeidet gjev eit godt utgangspunkt til vidare vedlikehald av båten. Fyrmuseet har og planar om å få sett inn motor i båten.

Den gode arbeidsinnsatsen til elevane førte og til pengar for ulike utdanningsprosjekt gjennom Operasjon dagsverk. 

| Mer

Google Maps med Street View i Dalsfjord

Google har vore ute og køyrt med kamerabilen sin. I den samanhengen har dei køyrt langs hovedvegen gjennom Dalsfjorden.

Har du lyst til å bli kjent i Dalsfjord ? Med kartet kan du "køyre" rundt fjorden før du sjølv vel å ta bil eller sykkelen fatt.

På kartet kan ein sjå Dalsfjord skule før rivinga vart sett i gong.

Bla igjennom kartet for å verte kjent i Dalsfjord

Google Maps

Bøkene til museet

Dalsfjord Fyrmuseum har registrert bøkene sine via nettsida Librarything. Fyrmuseet driv ikkje utlån av bøker, men fyrinteresserte kan ta kontakt.

Oversikt over bøkene til museet finn du her:

| Mer

Folketellinga frå 1910 er tilgjengeleg

Folketellinga frå 1910 har blitt tilgjengelig på internett. Her kan du søke opp dine slektningar, kven som budde på dei ulike gardane, samt dei som var komen tilbake frå Amerika.

Søkesida til Digitalarkivet ligg her:

Dersom de ønskjer å få kjennskap til fyrarbeidarar og fyrvoktarar kan dykk følgje denne lenka.

Dersom ein ønskjer å få kjennskap til havnearbeidarar kan ein følgje denne lenka.

Av dei som har oppgjeve arbeid hjå Statens Merkevæsen er Ørsta godt representert.

Lenke Statens Merkevæsen

De kan finne fleire arbeidarar frå fyr- hamne- og merkevesenet ved å søke på andre stillingsnamn og yrker.

 

 

 

| Mer

Følg fjerninga av kryssaren Murmansk

Oppretta: 06.09.2010

Det er mogleg å følge fjerninga av den russiske kryssaren "Murmansk" via web kamera.

Den russiske kryssaren Murmansk sleit seg frå tauinga då ho var på veg til opphogging i India. Ulykka hende i 1994 utanfor Sørvær på Sørøya i Finnmark.

Hausten 2010 byrja arbeidet med fjerninga av vraket som etter planane skal vere gjennomført våren 2011.

Entreprenør AF og oppdragsgjevar Kystverket har eit prosjekt med overvåking av arbeidet gjennom web kamera. 

Gjennom ein versjon der bileta er eit døgn forseinka kan du følgje arbeidet:

  Murmansk livecam

| Mer

Dei som tente lysa

Kvar fredag vert det skrive ein blogg på Stiftinga Sunnmøre museum sine heimesider.

Denne fredagen vart det skrive om Dalsfjord fyrmuseum.

Sunnmøre Museum

 

Oppretta: 05.03.2010

Kystverkmusea på Facebook

Kystverkmusea har oppretta ei Facebook side. Alle er velkomne til å melde seg inn og delta i gruppa. Det er allereie blitt lagt ut ein del bilete på sidene.

Facebook sida finn ein her Kystverkmusea. Ein må vere registrert i Facebook for å verte medlem.

 

 

Oppretta: 24.11.2009

Vi gjer kulturarven synleg!

Facebook

Facebook lenke til Kystverkmusea

Heimeside

Bøkene til Dalsfjord Fyrmuseum

Gjenstandane til fyrmuseet

Det fleste gjenstandane som fyrmuseet har i samlinga si er tilgjengeleg pr. internett hjå Digitalt Museum.

KONTAKT OSS

Dalsfjord fyrmuseum
Lægdavegen 39
6100 Volda
Tlf. 45 86 98 27
Epost: frode@dalsfjord.fyrmuseum.no

HURTIGMENY


MUSEUM                                                                                                                     FOLG OSS

Sunnmøre Museum >
Aalesunds Museum >
Godøy Kystmuseum >
Norsk Møbelfaglig Senter >
Sykkylven Naturhistoriske Museum >
Ytste Skotet >

Landbruksmuseet for M og R >
Hærøy Gard >
Brudavoll tunet >
Sivert Aarflot - museet >
Volds bygdetun >
Dalsfjord Fyrmuseum >






 
                                   

Design: Osberget CMS www.osberget.no